Kreativ saum og strikk

 
 

Kreativ saum og strikk

På denne linja lærer du å sy og strikke dine eigne kle, ei bærekraftig garderobe som passar din kropp.  Linja har eige syrom som er ope dag og kveld, slik at du kan jobbe vidare med prosjekta dine på kveldstid om du har lyst. Elevane har tilgang på ulike tekstil av metervare og garn, som dei kan nytte til sine prosjekt.  

Venninner i heimelaga kle og flott natur! Sjølvsydd festdrakt og sjølvstrikka jakke. Lær å lag dine eigne kle hos oss! Vi har fokus på bærekraft, gjenbruk, redesign og slow fashion.

Linja passar for deg som likar:

  • Å vere kreativ

  • Å lære nye skills

  • Kle, mote og historiske plagg

  • Handsaum

  • Redesign

  • Slow fashion

  • Bærekraftig mote

  • Å ta bilder

Fagleg utbytte - eit år med oss:  

På linja lærer du grunnleggande sy-kunnskapar ut i frå ditt nivå. Du treng ingen forkunnskapar for å begynne på kreativ saum og strikk. I byrjinga har vi prosjekt som gjer deg trygg på symaskina. Kvar symaskin har eige namn- som blir DIN nye bestevenn. Oppstarten er ein unik inspirasjonsreise der vi brukar tid på å finne ut kva som er DIN stil og kva som inspirerar DEG. Vi reiser også til FÆBRIKSTAD i Vikingskipet for å bli inspirert. Dette er ein linjetur vi tar tidleg på året for å bli godt kjende med kvarandre.

Lær å lag dine eigne kle hos oss! Vi har fokus på bærekraft, gjenbruk, redesign og slow fashion.

Gjennom året vil du lære:  

  • Mønsterkonstruksjon tilpassa til din eigen kropp.  

  • Ulike sy-teknikkar  

  • Sy etter ferdige oppskrifter 

  • Modellering  

  • Oppsirkulering av brukte klesplagg 

  • Fotokurs både for nybegynner og avansert. 

  • Kurs i keramikk  

  • Oppsirkulering av brukte klesplagg 

 

Strikk

Når ein skal lage sin eigen garderobe, er kreativ strikking ein naturleg del av prosessen. Strikking kan både gjerast avansert, leikent, lett, meditativt, avslappande, kreativt og regelbunde. Det er heilt opp til strikkaren!   

  • Du får jobbe med ulike fargekombinasjonar, mønster og garnkvalitetar.  

  • Utforske oppskrifter med alternativt garn  

  • Lage eigne mønster til plagg 

  • Reparere, redesigne, modifisere mønster og jobbe med restegarn  

  • Plantefarge garn 

  • Innføring i nålebinding, brodering, toving og brikkebandsveving saman med vikingliv 

 
Iløpet av skuleåret har vi fleire turar som er inkluderte i linjeprisen. Vi reiser til FÆBRIKSTAD, Bergen, Hoddevika, Krokpollen, Stigedalen, Seilas, Europareise (København – Bremen – Amsterdam) og diverse dagsturar- bruktbutikkar og loppemarked.   L

Linjeturar i løpet av året

  • Fæbrikstad (linjetur og strikketur)  

  • Bergen på skattejakt (Linjetur) 

  • Hoddevika (Fellestur) 

  • Krokpollen (Fellestur og kystveke)  

  • Overnatting i Stigedalen (Fellestur) 

  • Seilas ved kysten (Fellestur)  

  • Dagsturar- bruktbutikkar og loppemarked.  

  • Europareise (København – Bremen – Amsterdam)  

Alle turar er inkludert i linjepris.  

Her ser du våre kjekke, flinke og kreative lærarar på kreativ saum og strikk. Lær å lag dine eigne kle hos oss! Vi har fokus på bærekraft, gjenbruk, redesign og slow fashion.

Lærarane våre

Ingeborg

Ingeborg er lidenskapeleg glad i strikk, garn, mønster og oppskrifter.  Ho er oppteken av passform og likar seg best i ull, både vinter og sommar.  Dei seinare åra har plantefarging av garn gått i haudet på ho.  Når dei kjemiske prosessane funkar, vil du oppleve Ingeborg som euforisk. er det kjekt å vere rundt henne. Ingeborg er tydeleg, rettferdig og omsorgsfull. Ho har god humor og ler best av sine eigne vitsar. 

Heidi

Heidi er kreativ og elskar å sy. Ho er oppteken av at plagga skal sitte riktig på akkurat din kropp og at finishen er god. Er veldig glad i gode bruktfunn og spennande materiale. Utdanninga innan saum tok ho på Raulandakademiet. Heidi har eit farleg konkurranseinstinkt når det kjem til det meste, er sprudlande og får folk lett i godt humør. Ho er ein god samtalepartnar, som gir gode råd både på lyse og mørke dagar. 



Spørsmål om linja Kreativ saum og strikk?

Eller kanskje du lurer på noko anna om Fjordane folkehøgskule eller Nordfjordeid? Ta gjerne kontakt via kontaktskjemaet vårt, eller ring oss på telefon: 57 88 98 80.

Forrige
Forrige

Ride- og køyresport

Neste
Neste

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors