Livet på Fjordane
Sjølv om du søkjer på ei spesifikk linje, består kvardagen på folkehøgskule av mykje meir. Gjennom fellesfag og valfag får du lære og prøve eit mangfald av aktivitetar i løpet av skuleåret.
Skuleveka
Ei vanleg veke på Fjordane folkehøgskule har stort sett fem dagar med linjefag. På linjene har du variert undervisning, som kan gå føre seg både inne og ute. Kvar ettermiddag er det fleire valfag du kan velje å vere med på. Laurdagane blir brukt til linjefag ein gong i månaden, resten av laurdagane har vi fellesfag. Veka startar alltid med infotime på måndag morgon. Då er heile skulen samla til ein fellestime som tar føre seg ulike viktige tema. Kvar veke har vi også eit paviljongmøte, der alle som bur på paviljongen har ei samling i lag med sin faste paviljonglærar. Der kan ein ta opp utfordringar og problem på paviljongen, eller berre ta ein prat om dagleglivet. Vi har også noko som heiter klassens time, der kvar klasse har går gjennom veka med sin lærar.
Valfag
Valfag er små tilleggsfag du vel sjølv. Vi har eit stort spenn i utval av fag du kan prøve deg på, fag som skil seg frå det du elles arbeider med på linja di. Sjekk ut valfagsida for å sjå noko av det du kan velje mellom. Valfagstilbodet kan endre seg noko frå år til år, avhengig av lærarstaben.
Fellesfag
I tillegg til linjefag og valfag står fellesfag på timeplanen. Fellesfaga er ein viktig arena for å møtast på tvers av linjene. Dette er fag alle elevane har i lag, og som både utfordrar og engasjerer. Fellesfag kan vere alt i frå seminar, prosjektarbeid på tvers av linjene og aktivitetsdagar, til lokale turar og elevkveldar.