Usikker?

Kvart år er det nokre, som av ulike grunnar, ikkje kan takke ja til skuleplass i februar. Vi har samla litt informasjon som kanskje kan gjere valget lettare. 

Du skal inn i Forsvaret

Mange ventar på svar om dei skal inn i førstegangstjenesten, eller har fått innkalling etter at dei søkte på folkehøgsule. Heldigvis er det fleire måtar å kombinere folkehøgskule og Forsvaret på.  

- Skal du inn i Forsvaret i januar kan du gå eit halvt år på folkehøgskule, anten før eller etter året i førstegangstenesta.
- Skal du inn i april kan du gå eit heilt år på folkehøgskule, og fortsatt få året godkjend. 

Sjekk om du både kan gå på folkehøgskule, og vere i Forsvaret, i denne saka. 

Du er usikker på om du skal studere

Visste du at førstegangsvitnemålet ditt varar heilt til og med året du fyller 21? I denne saka kan du lese kor mange år du kan vente med studium, og fortsatt havne i kvota med lavast poengkrav.  

Og her har vi samla 10 grunnar til at det kan vere lurt å gå eit år på folkehøgskule før du blir student. 

Sjølv om det er lurt å takke ja til plass på folkehøgskule så tidleg som mogleg for å sikre seg plass på draumelinja, er det greit å vite at dersom vi har ledige plassar, deler vi ut skuleplassar heilt fram til skulestart.

Du er usikker på om du har råd

Visste du at folkehøgskule i mange tilfelle er billigare enn å vere student? Du kan lese sammenlikninga i denne saka. 

Prisen for eit år på folkehøgskule er også meir forutsigbar enn å studere. Du veit kva det vil koste på førehand, og prisane våre vil ikkje stige sjølv om mat, straum og andre ting i samfunnet blir dyrare.  

Rekninga frå Fjordane blir fordelt på månadane du er elev på skulen, så du treng ikkje å ha alle pengane klare på førehand.  

Du kan få støtte av Lånekassen for å gå på folkehøgskule, som du kan lese meir om her.  

Summen du kan få i lån og stipend vil auke sammenlikna med i fjor, og tala blir oppdatert på Lånekassen sine nettsider i starten av mars.  

 

Fortsatt usikker? Les elevhistoriene våre her!

 

Vanskeleg å bestemme seg?

Er du framleis usikker på om du kan takke ja til ein skuleplass hos oss, eller treng du meir tid før du bestemmer deg? Ta kontakt med oss, så finn vi ei løysing!