Elevhistorier: To år på Fjordane
Fredrik Fauskanger Heggøy
Elev på Bu og Fritid med vikingliv som linjefag 2022/2023
Elev på Bu og fritid med friluftsliv som linjefag 2023/2024
Her fekk Fredrik lære å lage sushi ilag med skulen
“Eg har lært meir om korleis være mot andre.” - Fredrik Fauskanger Heggøy
Har lært mykje
– Eg hugsar best linjeturane.
Han fortel at grunnen til at han valde Fjordane folkehøgskule var at vi har tilrettelagt linje og linjer han hadde lyst å gå.
- Eg har lært å vaske kle, lage mat og være hyggelig mot andre mennesker. Det kunne eg frå før, men eg har lært meir om korleis være mot andre.
- Eg anbefaler folkehøgskule for alle som er sosiale!
Han fortel at når han er ferdig på skulen, skal han tilbake på jobb i Kiwi, der han jobba før han starta på Fjordane.