Sommarhotell

Prøv ei natt eller to på Fjordane sommarhotell! Når skuleåret er over leiger vi ut paviljongar og leilegheiter til ferierande gjester. Utleigeperioden går frå ca 1. juni - ca 15. august. All booking skjer via Airbnb.

Bookinga for sommaren 2024 er opna!

2.jpg

Hjartestad

Nordfjordeid ligg midt i Nordfjord og er eit supert utgangspunkt for den om ønsker ein aktiv ferie, med korte avstandar til både fjord og fjell. I sentrum ligg den sjarmerande Eidsgata, med kjøpesenter, restaurantar og attraksjonar som Sagastad og Sagaparken. For borna er det kort veg til Klatreparken og Sagaparken i sentrum, der det er laga eiga sandstrand og ein har tilgang flotte leikeområde. Stad er ei kommune med mange moglegheiter - finn din hjartestad!

Booking

All booking til Fjordane sommarhotell skjer via Airbnb:

Sengetøy og handkle er inkludert i prisen, det same er trådlaust internett. Vi har også syklar til utlån og vaskemaskin kan brukast etter avtale. Det er gode tilhøve for sjølvhushald på paviljongane og i leiligheita. Om du ikkje vil lage maten din sjølv, fins det fleire gode restaurantar i Nordfjordeid og ellers i Nordfjord.

Velkomen skal du vere!

Fjordane sommarhotell:

D8E_2618.jpg

Trivelege paviljongar

Paviljongane er sjarmerande og frittståande hus med 3 soverom, felles opphaldsrom og bad med dusj og separat toalett. Kjøkkenkrok med kjøleskap, kokeplater og vask. Paviljongen er ideell for for familiar, med alt på eitt plan.

DSC_0007.jpg

Praktisk leilegheit

Flott leilegheit med to soverom, stove, kjøkken, og bad med dusj og toalett . Alle fasilitetar på eitt plan

Enkel hybel

Nyoppussa hyblar på bakkeplan, med tilgang til stor hage! Separat dusjrom og toalett i felles gang. Tilgang til vaskemaskin. Det enkle er ofte det beste!

Reisa til Fjordane

Du kan laste ned kartet over Nordfjordeid/Nordfjord som pdf.

Treng du tips om køyreruter, transportmiddel og ein peikepinn på avstandar til Nordfjordeid? Vi har laga ei oversikt :)

NB! Skulevegen er einvegskøyrd frå vest mot aust.

Fjordane FHS oversiktskart v2.png

Oversikt over skuleområdet

Fjordane folkehøgskule består av eit stort hovudbygg og ei rekkje mindre hus - eller paviljongar, som er plasserte i eit hyggjeleg tun. Leilegheitene ligg rett ved vikinghuset vårt, øverst i anlegget (lærarbustad 1 og 2 og “Bu og fritid”).

Paviljongane og leilegheita er omgitt av flotte tre og grøne plenar i eit roleg område i overkant av sentrum av Nordfjordeid.

NB! Skulevegen er einvegskøyrd frå vest mot aust.

Last ned oversikta.