Klimamotivert skule

På Fjordane folkehøgskule  bryr vi oss om kvarandre, miljøet og samfunnet vi lever i! Kvar dag prøvar vi å ta berekraftige val slik at vi kan bidra til å gjere verda til ein betre stad for alle. Vi støttar opp om FN sine 17 berekraftsmål og folkehøgskulane sitt berekraftvedtak. Vi er ein klimamotivert skule!

Bilveg til Hoddevik

Nærturar

Alle linjene er mykje ute på tur i naturen. Med fjord, fjell og hav rett utanfor skulen, er det heilt naturleg for oss å gå til fjelltoppane vi ser frå vindauget, eller til gapahuken vår i skogen. Vi likar å fyre opp bålet og lage mat - og får vi lyst, overnattar vi gjerne under open himmel!

I ein radius på ein time med bil når vi surfestranda i Hoddevik, det bortgøymde paradiset i Krokpollen, vinterskog i Stigedalen og forblåste Kråkenes med utsikt til det verharde Stadhavet. 

Kvifor dra langt av garde og setje djupe klimaavtrykk når vi kan reise kort og bruke den verdskjende naturen vi bur midt i?

Vi reiser med buss i staden for fly

Når linjene våre reiser på tur til utlandet, vel vi buss framfor fly. Å reise med buss er ein fantastisk måte å bli kjend med landa vi besøker mens vi reiser frå by til by og land til land. Ved å reise med buss får vi oppleve meir av landskapet og kulturen til landet vi er i, samtidig som vi gjer eit miljøbevisst valg.

Bussreiser er også svært sosiale. Heile gruppa er samla på ein stad og vi får moglegheita til å bli kjende med kvarandre på ein ny måte og knytte tettare band. Vi kan prate, le og dele opplevelsar medan vi reiser, og skaper minner som vil vare livet ut!

Ved å velje buss framfor fly, tek vi eit bevisst val om å redusere vårt karbonavtrykk. Moderne bussar er energieffektive og har lågare utslepp, noko som gjer dei til eit miljøvennleg alternativ. Samstundes får vi fleksibiliteten til å stoppe på spennande stader undervegs, noko som gjev oss unike opplevingar og eventyr.

Bli med oss på ei berekraftig og sosial reise gjennom Europa. Vi gler oss til å oppleve nye kulturar og landskap saman, og til å skape fantastiske minner på vegen.

eplesaft

Sanke og hauste

Vi har vår eigen grønnsakshage i Vikingtunet! Her dyrkar vi poteter, jordbær, grønnsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen. I vikingtunet har vi også ein sjusteinsomn som vi for eksempel kan lage pizza i – kanskje med løk og urter frå hagen? 

Kvar haust har vi matveke, med fokus på alt vi kan ete frå naturen: bær, sopp, fisk, og av og til hjort. Det er svært populært å drikke sjølvpressa eplemost av nedfallsfrukt! 

strandrydding

Gjenbruk og resirkulering

Vi oppfordrar alle til å bruke ting om att! Det kan vere å skaffe seg brukt ski-utstyr eller å shoppe second hand. På skills-bytte-dagen lærer vi ulike «skills» av kvarandre, som å reparere øydelagte ting, eller vi byttar ting med kvarandre. Vi ønsker mindre kjøpepress!

På linja kreativ saum og strikk tar vi det eit steg vidare – her kan du lære å sy og strikke din eigen garderobe – gjerne av gjenbrukte plagg og stoff! 

Fjordane folkehøgskule sorterer all plast, papir, glass, metall, matavfall, restavfall og leverer til miljøverket i kommunen.


Solidaritet

På Fjordane folkehøgskule har vi fleire prosjekt gjennom året som handlar om gi noko av seg sjølv til andre, for eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Jul på Fjordane/Jul i Stallen er eit arrangement der elevane inviterer små og store i lokalsamfunnet inn på skulen for å gi dei (og oss sjølve) ei hyggjeleg førjulsstund.

Borna får ri på hest, vi har ansiktsmaling og eventyrstund, vi har julemarknad og sal av julete mat og drikke.

Delar av overskotet går alltid til ein veldedig organisasjon, som Redd barna eller Dråpen i havet.

Fjordane folkehøgskule skal gjennom ein meiningsfull kvardag utfordre elevar og tilsette til å vere ansvarlege deltakarar i eit berekraftig fellesskap. Vi skal saman skape vårt beste år gjennom utvikling, glede og vennskap
— Verdigrunnlaget til Fjordane folkehøgskule

Miljøfyrtårn

Fjordane folkehøgskule er sertifisert som Miljøfyrtårn. Det vil seie at vi er ei verksemd som tar aktivt miljø- og samfunnsansvar, og bidrar til grønn omstilling. Ved å vere eit Miljøfyrtårn bidreg vi aktivt til en berekraftig framtid, og til den nødvendige grøne omstillinga. Vi jobbar målretta med å forbetre miljøprestasjonane våre innan områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.

Les meir om kva det betyr å vere eit Miljøfyrtårn.

logo, miljøfyrtårn

Kjøkkenet

Kjøkkenet vårt har debio-godkjenning i bronse. Det vil seie at minst 15 % av serveringa er økologisk. Kokkane våre strekker seg langt for å handle lokale og sesongbaserte råvarer, som gulerøtter frå bonden rett der borte,  og dei serverer dei flottaste rettar til fire måltid om dagen. 

På skulen får du vegetar- og vegansk mat til kvart måltid, og kvar måndag er det vegetar-dag. 

Skulen er også Fairtrade, som er ei internasjonal merkeordning som styrker bønder og arbeidarar i fattige land i Afrika, Asia og Latin-Amerika gjennom handel. Fairtrade bidreg til eit meir berekraftig jordbruk og betre liv.

- Les meir om Debio.
- Les meir om Fairtrade.


Berekraft på folkehøgskule

Ved å klikke deg inn på lenkene kan du lese meir om berekraft på folkehøgskulane i Noreg:

- Berekraftvedtaket

- Globalvettreglane

- FN sine berekraftsmål

- Om berekraft på folkehøgskule