Kart over Fjordane
Fjordane folkehøgskule ligg midt i Nordfjordeid, som igjen ligg midt i Stad kommune, heilt nord i Vestland. Klikk på nåla i kartet over for å opne i Google Maps.
Reisa til Fjordane
Du kan kome deg til Nordfjordeid både med buss, bil, båt og fly.
Buss
Det aller enklaste er å ta bussen. Det går direkteruter både frå Oslo og Bergen, og det er mogleg å reise frå Trondheim via Ålesund. Bussreisa frå Oslo tar 9,5 timar og frå Bergen ca 6 timar. Frå Trondheim, via Ålesund må ein reikne 9,5 timar reise.
Planlegg gjerne reisa di med:
Fly
Dei næraste flyplassane er Sandane lufthamn og Ørsta/Volda lufthamn, og det er Widerøe som flyr til og frå. Sandane lufthamn ligg 40 minutt frå skulen, inkludert ein fergetur. Det er mogleg å bestille flytaxi. Frå Ørsta/Volda lufthamn tar det i overkant av ein time med bil. Du kan ta rutebuss rett ved flyplassen.
Det er også mogleg å fly til Ålesund lufthamn Vigra, men då blir reisevegen mellom skulen og flyplassen ganske lang, ca 3 timar med bil. Det går flybuss frå Vigra til Moa, og deretter rutebuss frå Moa til Nordfjordeid.
Planlegg gjerne reisa di med:
Båt
Frå Bergen kan du også ta hurtigbåten til Måløy. Det går rutebuss frå Måløy til Nordfjordeid.
Planlegg gjerne reisa di med:
Bil
Det er gode vegar i alle retningar, men hugs at på vestlandet er det ofte ferger, tunellar og fjellovergangar. Om du køyrer bil, oppmodar vi alltid om å samkøyre med andre elevar. Sosialt og miljøvenleg!
Ferge
Vestlandet har mange fjordkryssingar. Dei som ligg nærast skulen er:
Ferge Anda/Lote (om du kjem frå Sandane/Sogn/Bergen)
Ferge Volda/Folkestad (Om du kjem frå Ålesund/Volda/Ørsta. NB! For å unngå ferge, kan du også køyre via Grodås)
Avstandar til/frå Nordfjordeid
4 mil til Volda
5 mil til Stryn
6 mil til Måløy
8 mil til Hoddevik
10 mil til Førde
11 mil til Ålesund
30 mil til Bergen
40 mil til Trondheim
45 mil til Oslo