Gode grunnar til å velje Fjordane
Det finst uendeleg mange grunnar til å velje Fjordane folkehøgskule til hausten! Under kan du sjå nokre av dei viktigaste. Gå gjerne inn på Instagram også! Der får du eit innblikk i livet på Fjordane frå dag til dag.
Klimamotivert skule!
På Fjordane folkehøgskule bryr vi oss om kvarandre, miljøet og samfunnet vi lever i! Kvar dag prøvar vi å ta berekraftige val slik at vi kan bidra til å gjere verda til ein betre stad for alle.
Variert linjetilbod
Fjordane Folkehøgskule tilbyr 11 linjer. Her er noko for ein kvar smak og interesse. Vi har elevar frå heile Noreg og nokre frå utlandet.
Store rom på internatet
Det er godt å ha mykje plass når du skal dele rom med ein heilt ny person. På Fjordane har vi nokre enkeltrom, men flest dobbeltrom.
Felles måltid i matsalen
Matsalen er ein sosial møteplass der ein kan vere saman uavhengig av kva linje ein går på, eller kva paviljong ein bur på.
Turglade lærarar
Lærarane våre har mange talent og interesser, men det er ein ting fleire av dei har til felles: dei elskar å vere ute på tur! I sol eller regn, sommar som vinter. Om dei i tillegg får lage mat på bål, blir dei ekstra glade!
Bønna kaffibar
Fjordane har sin eigen kaffibar der du kan velje mellom espresso, kaffe latte, cappuchino og andre nydelege kaffidrikkar. Vi har vår eiga barista kaffimaskin - og lærarane har vore på kurs!
Skulehestane våre!
Du og skulehesten knyter sterke band og får eit heilt unikt partnarskap de ikkje kjem til å gløyme!
Einaste linja i landet!
På den eine sida kan du nyte fjellet på topptur, køyre puddersnø på ski, overnatte i snøhole og under stjernehimmelen - samtidig som du lærer om tryggleik, førstehjelp og får trening i søk og redning saman med Røde Kors.