Sommarhotell
Prøv ei natt eller to på Fjordane sommarhotell! Når skuleåret er over, leiger vi ut paviljongar og leilegheiter til ferierande gjester. Utleigeperioden går frå ca 1. juni - ca 15. august. All booking skjer via Airbnb.
Hjartestad
Nordfjordeid ligg midt i Nordfjord og er eit supert utgangspunkt for den om ønsker ein aktiv ferie, med korte avstandar til både fjord og fjell. I sentrum ligg den sjarmerande Eidsgata, kjøpesenter, restaurantar og attraksjonar som Sagastad og Sagaparken. For borna er det kort veg til Klatreparken og Sagaparken i sentrum, der det er laga eiga sandstrand og ein har tilgang flotte leikeområde. Stad er ei kommune med mange moglegheiter - finn din hjartestad!
Booking
All booking til Fjordane sommarhotell skjer via Airbnb:
Sengetøy og handkle er inkludert i prisen, det same er trådlaust internett. Vi har også syklar til utlån og vaskemaskin kan brukast etter avtale. Det er gode tilhøve for sjølvhushald på paviljongane og i leiligheita. Om du ikkje vil lage maten din sjølv, fins det fleire gode restaurantar i Nordfjordeid og ellers i Nordfjord.
Velkomen skal du vere!