Slik søker du

Så enkelt er det å søke plass på Fjordane!

  1. Fylle ut søknadsskjemaet
    Det er heilt uforpliktande og ikkje vanskeleg. Vi treng berre å vite kven du er og litt om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

    Klikk på lenka for å kome til søknadsskjemaet.

  2.  Vi sender deg svar på søknaden din

    1. Du får først ei stadfesting på at vi har fått søknaden din.

    2. Etter 1. februar får du e-post frå oss med tilbod om plass, dersom alt er OK og det er ledig plass på linja.

    3. Du har ti dagar på å bestemme deg for om du tar plassen eller ikkje

  3. Seie ja eller nei til plassen

    Når du har bestemt deg, må du svare opptakssida vår. Dersom du takkar ja, må du betale innmeldingsgebyr på 2 600 kr. Den kan du betale i banken, eller du kan vippse. Deretter får du enno meir informasjon, og i løpet av våren og sommaren får du melding om skulestart og den første tida på Fjordane folkehøgskule.

Du kan søke heile året!

Fjordane folkehøgskule har ingen søknadssfrist og du kan søke heile året! Vi startar opptak av elevar 1. februar kvart år, og tar opp elevar fortløpande fram til skulestart. Det lønner seg å vere tidleg ute for å få tilbud om plass på den linja du ønsker deg mest! Fjordane folkehøgskule har plass til opp mot 100 elevar.

  • Du må være fylt 18 år innan 1. januar i skuleåret, men yngre søkarar blir også vurdert. 

  • Du må skrive litt om deg sjølv og motivasjonen for å gå på folkehøgskule.  

  • Fjordane folkehøgskule er ein skule for alle, også for deg som vil starte på nytt. Det er viktig at du fortel oss om eventuelle utfordringar du har før skulestart, slik at vi saman kan få til eit bra undervisningsopplegg.  

Skulebrosjyre og skulefilm

Vi sender brosjyra i posten til deg om du ønsker å lese den på papir!