Fjordane passar til deg fordi…

Du får fordjupe deg og prøve ut dei faga du har lyst til - og får masse praktisk erfaring!

Du får mykje tid til å fordjupe deg i linjefaget ditt! Heile fem dagar i veka får du undervisning på linja. Linjene er praktisk retta, og du får bruke tida di til å prøve ut faget i det verkelege livet – ikkje berre lese om det.

Fjordane har fleire linjer du ikkje finn nokon annan stad i landet!

 

Du kan ha andre linjefag som valfag

Fjordane har svært mange valfag. Og du kan velje eitt av dei andre linjefaga som valfag! Det vil seie at du kan gå på musikallinja, men ha Vikingliv som eit valfag. Eller du kan gå på Friluftsliv og ha Kreativ saum og strikk som valfag.

Meir om valfaga på Fjordane.

 

Du får personleg rettleiing av lærarar med høg kompetanse

Lærarane jobbar på Fjordane fordi dei elskar faget sitt! I tillegg likar dei å ause av kompetansen sin og gjer sitt aller beste for at du skal få så god fagleg utvikling som mogleg i løpet av skuleåret. Nokre elevar likar seg så godt at dei anten går eit 2. år, eller blir stipendiatar.  

Sidan vi har så mange ulike linjer har vi også mange ulike lærarar! Her får du oversikten, men vi snakkar profesjonelle sirkusartistar, ein ekte viking, hestefolk med lang og allsidig erfaring, friluftslivlærarar som helst vil vere ute heile tida, og kunstnarar på ulike felt. For å ikkje snakke om dei andre tilsette på skulen – som ikkje er lærarar, men som like fullt gjer sitt beste for at du skal ha eit fint, godt, trygt, lærerikt, annleis og kjekt år på Fjordane.

Til saman er vi 25 lærarar, miljøterapeutar, assistentar, kjøkkenpersonale, vaktmeistrar og administartivt tilsette ved skulen.

 

Her er ikkje karakterpress

Sidan Fjordane (eller dei andre folkehøgskulane) ikkje har karakterar, har vi heller ikkje karakterpress! Når skuleåret er over, får du eit vitnemål med oversikt over kva fag du har tatt. Når året er godkjend, får du to tilleggspoeng for vidare studium.

 

Du blir kjend med folk fra heile Noreg - og andre land

På Fjordane er dei fleste elevane frå Noreg, men kvart år har vi elevar frå andre delar av verda også. Fjordane folkehøgskule er med andre ord ein perfekt plass å vener som er annleis enn deg sjølv!

At de får mykje tid saman på linja og på dei ulike valfaga er sjølvsagt, men på Fjordane har vi spennande fellesfag også! Dette er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. Blant anna reiser heile skulen på tur saman fleire gongar i året, og vi arrangerer ulike elevkveldar, som Halloween og juleverkstad.

Meir om Fellesfag og Turar

 

Du får din eigen familie

Internatet vårt er kanskje der du blir best kjend med medelevane dine. Hos oss er internatet små hus, paviljongar, og dei du bur saman med blir som familien din for eit år. På paviljongen bur du saman med ni andre elevar, og vi prøvar å blande linjer og nasjonalitetar så godt som mogleg. Paviljongane har både dobbeltrom og enkeltrom, med eit fellesrom i midten.  

Kvart år vel mellom 70 og 100 ungdommar å bruke eit år på Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid.

Meir om internatet på Fjordane.

 

Du blir meir engasjert i verda rundt deg

Vi ønsker å bety noko for kvarandre og for verda rundt oss. Dette gjer vi på mange måtar, og noko av det vi likar best er når vi inviterer andre inn på skulen vår. På julemarknaden får besøkande kjøpe julegåver vi har laga på skulen, dei får ri på hestar og leike ute og inne, samt at vi gir dei eit juleshow vi lagar sjølv! Dei siste åra har pengane gått til Redd Barna og Dråpen i havet. Vi arrangerer også open skule, og vi har arrangert Spring for fred, der pengar vi har samla inn har gått til krigsramma i Ukraina.

Kvar haust har vi strandryddeseglas, der vi samlar plast langs kysten vår – samstundes som vi får vere om bord i galeasen Loyal!

Les meir om solidaritet og bærekraft ved Fjordane