Strandryddeseilas

Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den restaurerte galeasen "Loyal". Ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet. 

Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap. 

Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv! 

På strandryddeseilaset kan du oppleve: 

  • Vere med og rydde strendene for plast og søppel

  • Sette garn og krabbeteiner

  • Fiske

  • Lage mat av sjølvfanga råvarer

  • Segle med Loyal

  • Småturar til lands og til vanns

Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!

Med atterhald om at endringar kan oppstå.

Neste
Neste

Fjord Explore