Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors

 

Opplev Vestlandet og alpane? Surfeparadiset Hoddevika, klatring i Sunnmørsalpane og ski på Jostedalsbreen! Dette samt ein fantastisk linjetur får du her! Og du kan kvalifisere deg til hjelpekorpset!

 
 

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors skal vi nyte fjellet på topptur, køyre puddersnø ski, overnatte i snøhole og under stjernehimmelen. Vi skal krysse Jostedalsbreen og dei Østerrikske Alpane, filosofere rundt bålet og surfe i Hoddevika - samtidig som vi har eit fokus på tryggleik, førstehjelp og trening på søk og redning i naturen.

 

Eit år for deg som er glad i å bruke naturen!

Frå bølgesurfing ytterst ute i havgapet til brevandring innerst i fjorden - og alt i mellom. Fjordane folkehøgskule ligg midt i regionen Nordfjord som er kjend for nokre av dei vakraste strendene, dei flottaste bølgene og dei kjekkaste fjelltoppane i landet. Den varierte naturen og tydelege årstidene gir oss uante moglegheiter til å utforske elementa og oss sjølve i samspel med naturen.

Surfing

Vi nyttar nærområdet vårt og dreg på bølgesurfing i eigen kommune til surfeparadisa i Hoddevik og Ervik på Stadlandet. Dette gjer vi gjennom heile året.

Elv

Eidselva er ei flott meanderdals elv, som svingar seg breitt i landskapet. Delar av denne elva kan vi padle, eller flyte nedover for å kike på stor-laksen.

Topptur

Tenk deg kjensla av å være så liten, men samstundes så stor, på toppen av tindar! Vi går til fots, på truger, ski eller brett på mange av dei flotte toppane vi har rundt skulen. På Vestlandet er det gode sjansar til å sette nokre ferske, djupe svingar i puddersnø!

Ski og brett på Harpefossen

Harpefossen er vårt lokale skisenter, med mange preparerte løyper og utruleg flott frikjøyring i bjørkeskog. Like ved skianlegget har vi moglegheit til å låne ei hytte.

 

Sanking

Rett ved skulen fins eit stort matfat i skogen med sopp, bær, plantar og røter. I grønsakshagen vår dyrkar vi grønsaker vi skal lage deilige matrettar av. På skulen har vi eit flott elevkjøken inne, og ute kan vi lage mat i vikingtunet.

Vinterskog

Sjå for deg ein trugetur der du skal sove under stjernene, medan du kjenner varmen og lukta frå det store bålet. Vinterskogen byr ofte på rolege kulissar, der vi kan bli kjend med oss sjølve og rutinane våre i det kalde elementet.

 

Vinterfjell

Vinterfjellet kan vere både vakkert og brutalt. Trygglik og skredlære er sentralt i undervisninga, og vi kjem til å dra på mange turar i lag med den andre friluftsliv-linja på skulen, _Friluftsliv All-inclusive_. I løpet av vinteren blir det også ein tre-dagars snøholetur der vi skal ovenatte inne i snøen.

Kystkultur

I tusenvis av år har vi nytta kysten til arbeid, rekreasjon og matauk. Dei ulike sesongane gir oss spennande opplevingar med seglbåt, fiske, sanking og tilbereding av mat. Saman med _Vikingliv_ og _Friluftsliv All-inclusive_ skal vi på tur ut på vestkysten for å lære meir om akkurat dette. Kanskje blir det også undervannsjakt mellom tang og tare?


 

Linjetur: Frå Fjordane til Alpane

Klatring, rafting, stisykling, togtur gjennom Europa, vandring i Tyrol og besøk i Innsbruck. Bli med på linjeturen du aldri kjem til å gløyme! Fjordane - Østerrike - Fjordane på 14 dagar!

Saman med Friluftsliv All-inclusive reiser vi langsamt og miljøvennleg med tog nedover i Europa. Vandreruta gjennom Europas største fjellmassiv er ein 5-6 dagars “high altitude trail” i Tyrol – i hjartet av Alpane. Kvar kveld søv vi på fjellhytter, “Almar”, der vi får servert mat og ei seng å sove i.

Etter dager med vandring på over 2000 meter høgde, utforskar vi den alpine byen Innsbruck, og vidare Oetztal. Der blir basecamp medan vi klatrar, raftar og sti-syklar. Etter to veker med unike natur- og kulturoppleingar i bagasjen, flyr vi heim til Noreg.

Saman skal vi skape minne for livet!

 

Bli ein førstehjelpar!

I løpet av året skal vi gjennomføre Hjelpekorpsopplæringa til Røde Kors og samarbeider tett med Hjelpekorpset i Eid. Det betyr at vi kan bli med i aksjon dersom alarmen går!

Røde Kors og Hjelpekorps

Røde Kors er ein frivillig organisasjon som er til stades for menneske som treng støtte og hjelp. Gjennom å vere frivillig i Røde Kors, skal vi saman jobbe for ei rausare og varmare verd!

Eit hjelpekorps blir gjerne kalt ut for å støtte og bistå i redningsarbeid dersom nokon er sakna. Kvar år hjelper Hjelpekorpset over 1000 menneske som har gått seg bort eller skada seg på tur.

Søk og redning

For å inngå i Hjelpekorpset får vi opplæring i søk og redning. Her lærer vi metodar for å søke etter sakna personar, både på barmark og på vinterstid. Vi skal bli utfordra og lære å meistre krevjande forhold i skogen og til fjells, og bli trygg på egne ferdigheiter.

Førstehjelp

Vi startar året med å gjennomføre eit 36 timar langt førstehjelpskurs, og har moglegheit til vidare opplæring i løpet av året.

I friluftslivet kjem vi til å ha eit gjennomgåande fokus på førstehjelp, og vi vil bli dyktige førstehjelparar.

Samband

For å inngå i eit Hjelpekorps må ein kunne kommunisere over samband. Her lærer vi å vere korte og konsise i kommunikasjonen, og kjem til å ha det gøy med å øve på sambandssjargong.

Kart og kompass

Å kunne orientere seg i terrenget er avgjerande for å ferdast trygt i naturen og for eit godt hjelpekorps. Vi skal lære å navigere under krevjande forhold, og brukar kart og kompass aktivt når vi er på tur. I løpet av hausten får de, saman med Friluftsliv All-inclusive, utfordra dykk sjølve på overnattingsturen “På villspor”. På denne turen skal vi finne tilbake til skulen fra ein ukjend stad i fjellet!

 

Nærturar

Overnatting i “Finsesatelitt”
Vinterfjellet kan vere både vakkert og brutalt. Tryggleik og skredlære er sentralt i undervisninga. Vi drar på ein tre-dagars tur, der vi lagar vår eigen Finsesatelitt - eit undersnøisk hotell med intrikate gangar mellom romma.

Overnatting på fjelltopp
Har du lyst til å sovne til solnedgangen, vakne opp til soloppgangen; med stjernehimmelen midt i mellom?

Telemark
Vi skal lære den edle og tradisjonsrike kunsten å køyre med laus hæl, og kjenne på røyrslefridomen nedover den mjuke laussnøen og preppa løyper med fjellski.

Måneskinnstur
Når månelyset skin med sitt dempa og sarte lys, og kastar skuggar på eit kvitt snødekke, skal vi liste oss ut under ein fullmåne og bli kjend med natta sin skjulte dynamikk.  

Kråkenes fyr
Du har kanskje høyrt uttrykket “Storm ved Stad”, men har du opplevd det? Når det bles opp til skikkelig ruskevêr, snik vi oss til ei natt ved Kråkenes fyr, heiltut mot havet. Her skal vi kjenne på dei store naturkreftene, og la havet og vinden ta pusten frå oss.

 

Linjetur: Josten på langs

Sjølvaste klassikaren blant vår-skiturar! Dette er skitur, topptur, bretur, telttur og langtur i eitt. Turen startar innerst i Jostedalen, og går over heile Jostedalsbreen, Europas største isbre.

Gjennom året skal vi saman lære oss korleis vi blir i stand til å vere ute over lengre periodar, trekke pulk, bli stødige på ski og bu tett saman i telt på vinteren. Gle deg til 5 dagar i eventyrlege Jotunheimen med ski og pulk! Du får oppleve storslått natur og testa grensene dine i trygge rammer saman med læraren din og medelevane dine.

Den ultimate turen for å avslutte ditt beste år..!


 

Linjelærar Aslak Dahle

Det meste som kan gjerast utandørs synest Aslak er av interesse; om det er topptur til beins eller på telemark, klatring eller fridykking - gjerne med ei filosofibok i baklomma.

Aslak har Hærens 2-årige befalsskole og hadde teneste som sersjant i Sanitetsbataljonen. Han har også ei bacheloroppgåve i filosofi og underviser i valfaga “Massasje” og “Livsfilosofi”.
Aslak ga ut diktboka “Tanker på tur” i 2019, og kom i 2022 til Nordfjordeid, etter ni månadar på reisefot.

Med ei grunnleggande undring over verda, er han alltid klar for gode samtaler og å filosofere over små og store spørsmål.

Førstehjelp i naturen handlar om meir enn å berre hjelpe andre. Gjennom å utvikle eigne ferdigheiter står ein også tryggare i seg sjølv, i møte med uforutsette situasjonar og krevande forhold til fjells.


Fellesturar for heile skulen

Fellesturane er ein viktig del av Fellesfaga på skulen, og er ein viktig arena for å møtast på tvers av linjene. På desse turane dreg alle elevane saman til reisemål i regionen vår:

Samspel med dei andre linjene

For at året på Fjordane skal bli så meinngsfullt og lærerikt som mogleg, er vi mykje saman på tvers av linjene. Saman med linja Friluftsliv All-inclusive skal vi utforske den varierte og utrulege naturen på Nordvestlandet. Fjord, fjell og hav blir naturlege kulissar – og markørar kan dukke opp når du minst anar det!

Å kunne samarbeide med og respektere kvarandre er viktig på Fjordane - tenk kva vi kan lære av kvarandre! Skulen har åtte svært varierte linjer, og vi brukar mykje tid saman i løpet av skuledagen. Vi har fleire fellesprosjekt og fellesturar, i tillegg til at vi et alle måltid saman, er saman på kveldstid og bur saman i paviljongane.

 

Frå bølgesurfing ytterst ute i havgapet til brevandring innerst i fjorden - og alt i mellom. Fjordane folkehøgskule ligg midt i regionen Nordfjord som er kjend for nokre av dei vakraste strendene, dei flottaste bølgene og dei kjekkaste fjelltoppane i landet. Den varierte naturen og tydelege årstidene gir oss uante moglegheiter til å utforske elementa og oss sjølve i samspel med naturen.

Forrige
Forrige

Kreativ saum og strikk

Neste
Neste

Friluftsliv All-inclusive!