Ride- og køyresport

Drøymer du om ein kvardag fylt med hest? Er du konkurranseryttar, turryttar eller berre har lyst til å lære mykje om hest? Velkomen til Fjordane! Du kan ta med din eigen hest, eller du får låne skulehest av oss. Gle deg til ein variert og innhaldsrik kvardag i hestebygda Nordfjordeid saman med mange andre som elskar hest!

Ride- og køyresport

Har du ambisjonar om å satse meir mot ridning og/eller køyring i konkurranse? Ønskjer du å ta ei utdanning innanfor hest?  
På vår ride- og køyresportlinje gir vi deg moglegheit til å finpusse dine ferdigheiter og forberede deg til konkurranse. Linja gjev deg eit godt grunnlag for vidare utdanning og arbeid med hest. Vi tilbyr et trygt og støttande læringsmiljø der du kan utfordre deg sjølv og vekse som ryttar og/eller kusk. 

 
køyring-fjord-folkehøgskule.jpg

Linja passar for deg som likar:

  • Sprang 

  • Dressur 

  • Køyring 

  • Feltritt 

  • Konkurranse  

  • Kurs og treningar 

  • Sits og trening av ryttaren 

  • Treningslære 

  • Utvikle deg og hesten som ekvipasje

 

Fagleg utbytte – eit år på Ride- og Køyresport

På denne linja er treninga målretta mot konkurranse. Undervisninga blir tilpassa ditt nivå, med mål om å utvikle deg og hesten saman som ekvipasje. Uansett om du allereie har erfaring frå konkurransebana, eller ikkje har deltatt på stemne før, er vårt fokus å hjelpe deg å nå dei måla du har sett deg. Instruktørane våre har lang og brei erfaring innan dei ulike greinane, og kan undervise opp til MA dressur, LB sprang (110cm) og vanskeleg køyring. Dressurundervisninga vil foregå i mindre grupper, og privatundervisning med jamne mellomrom. 
 
Skulen arrangera stemnetreningsdagar så lik eit stemne som mogleg for å gi deg og hesten din meir stemneerfaring. Mental trening for ryttaren vil også inngå i dette, slik at hovudet og kropp henger med i dei ulike settingane. Vi legg til rette for at du skal kunne dra ut og starte konkurransar i nærområde i løpet av skuleåret. 
 
Ridelære, treningslære og ryttartrening er sentrale tema vi fokuserar på, som du vil få både teoretisk og praktisk opplæring i. Dette gir deg utvida kunnskap og forståing av korleis arbeide saman med hesten din. Vi legg vekt på ein heilheitleg undervisning der teori og praksis går hand i hand. Ein skal kunne forstå kva vi skal gjere, korleis vi skal gjere det og kvifor vi gjer som vi gjer i arbeidet med hesten. Om ikkje konkurranse er det store målet, men du ønsker utdanning innan hest, vil undervisninga på ride- og køyresport gje deg eit solid grunnlag for vegen vidare.  

 

Gjennom året vil du lære:

  • Dressur og sprangøvingar 

  • Programridning i dressur 

  • Baneriding i sprang 

  • Feltritt 

  • Dressur, maraton og presisjonskøyring 

  • Ride- og køyrelære 

  • Treningslære 

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av eigen rideøkt 

  • Ryttertrening 

  • Beslagslære 

  • Salmaking – sy ditt eige leietau

 

Fellesskap på hestelinjene

Vi er ofte i lag med dei to andre linjene, allsidig hestesport og 2.års hestesport, i kvardagen. Både på fritida, men også i noko av undervisninga. Undervisninga inneheld både praktiske og teoretiske fag, der vi fokuserer på hestehandtering og hestekunnskap. 

  • Programridning og stevner 

  • Laushopping 

  • Tømkøyring og longering 

  • Utstyrslære, korleis påverker ulikt utstyr hestens komfort og ytelse 

  • Hestekunnskap, temaer som anatomi, fysiologi, helse og ernæring 

  • Ridelære og teknikk- korleis forbetre vår eige ridestil og kommunikasjon med hesten 

  • Etikk og forståing av hestehald og hestesport 

  • Besøk av veterinær og salmaker 

  • Ryttartrening 

 

Nordfjordeid har eit engasjert hestemiljø som gir moglegheiter til å delta på kurs og helgeaktivitetar utover skuletida også. 

Vi legg stor vekt på at elevane ved hestelinjene skal få vere med å forme skulekvardagen og skape sitt år. Dermed kan innhaldet på linja variere noko frå år til år. 

Elevhistorier

Les meir om kva tidlegare elevar seier om det å vere elev ved hestelinjene på Fjordane folkehøgskule:

Faga

Klikk for å lese meir om eit utval av faga det blir undervist i:

Dressurriding

Dressurriding – vi underviser etter dei klassiske rideprinsippa og har mykje fokus på korleis vi som ryttarar kan virke inn på hesten på ein rettferdig og god måte. Korrekt samspel med hesten er viktig for å oppnå framgang av ekvipasjen (rytter og hest). Du vil få ein gjennomgang av alle øvelsane frå LC til og med LA. Undervisninga følger utviklinga di, slik at du heile tida får utfordringar som passar for deg. Alle får tilpassa undervisning etter det nivået dei er på.

Sprangriding

Sprangriding - jobbar vi mykje med å få ein riktig sits både over og mellom hinder. Dette er viktig for å kunne påverke hesten til å hoppe på ønska hinderhøgde. Gjennom gymnastikkhopping og forskjellege sprangøvingar slik som å trene på å finne riktig avsprangspunkt, utviklar vi samspelet mellom hest og rytter. Banehopping kjem som ein naturlig del av undervisninga etter kvart som rytter og hest utviklar seg. Om du har hoppa mykje eller lite frå før, eller har ein urutinert hest tilpassar vi undervisninga etter det. Kvar vår har vi feltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.

Køyring

Køyring - Du får ein gjennomgang av utstyret ein treng, og korleis du bruker utstyret. Du lærer korleis du tømmekøyrer hesten din, og kan trene hesten frå bakken. Du får ei grundig innføring i dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Vi bruker skulehestane i køyretimane, og køyrer både på utebana og inne i ridehallen på 20mx60m bane. Ønsker du å bruke din eigen hest kan du det, etter avtale med læraren. Førebuing og deltaking i køyrekonkurransar står også på timeplanen.

Beslag

Beslag - her får du teoretisk innføring i hovens anatomi og funksjon før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest bør kunne å ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar. Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslagar. Nina som gjekk i lære hos våre hovslagarar under 2. året på Fjordane Folkehøgskule, og no jobbar som hovslagar kan du lese meir om på hennar facebookside.

Veterinærfag

Veterinærfag - er eit fag som gjev deg som ryttar, kusk og hesteeigar grunnleggande kunnskap om vaksiner, ormbehandling, sår- og sjukdomsbehandling, anatomi og mykje meir. Dette er eit fag du ikkje vil gå glipp av.

Ride- og køyreteori

Du får lære all den viktige basisen du treng i ride- og køyreteori. I dette faget går vi gjennom øvingane vi rir/køyrer på timane. Vi prøvar å kombinere teorien samtidig med det som blir undervist i praksis, slik at du får størst mogleg forståing for det vi jobbar med. Du lærer mellom anna om kva som er ein god spranghest, korleis ein bygger sprangbane, alt om hindertypar og anridning, i tillegg til sprangreglement og forskjellege bedømmingar i sprangriding og konkurransar. I dressurdelen har vi ein grundig gjennomgang av sits og hjelparar, kva er riktig form på hesten, og alle øvelsane til og med LA, i tillegg til nokre øvelsar i MB slik som versade og travèr. Dressurreglement og dressurprogram er også noko vi jobbar med i desse timane.

Salmakar

Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.

Hestekunnskap

Hestekunnskap - lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fôr eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.

Hestehald/hestehandtering

I desse faga er vi innom mange ulike emner som vil gjere deg meir komplett og kompetent som hesteperson. Leietrening, hingstehandtering, mønstring, longering, tømmelongering, lasting og transport av hest, tannsjekk, helsesjekk, pulstrening, sjukdomar, stell, hesten sine fysiologiske behov, avl, fôring, unghesthandtering og mykje meir.

Valfag og fellesfag

Kunne du tenke deg å lære litt meir om vikingliv, eller du har lyst å lære deg sirkuskunstar? Kanskje du likar fjellturar eller klatring, eller kanskje du helst vil ha ei roleg stund med yoga eller strikking? På Fjordane kan alle linjefaga også veljast som valfag! I tillegg har vi eit stort utval av andre valfag. Valfaga dine veljer du når skulen har starta om hausten, og kva fag skulen tilbyr kvart år, kjem an på interessa til elevane og samansetninga av lærarar. Du kan velje frå to til så mange valfag du vil i løpet av eit semester.
Les meir om valfaga på Fjordane.

Valfaga får du vere med på i tillegg til linje- og fellesfagtimar kvar veke.

Fellesfag er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. I løpet av skuleåret dreg vi på ulike turar, og vi har for eksempel elev-/temakveldar som Halloween og Kokkekamp.
Les meir om fellesfaga på Fjordane.

Spørsmål om Allsidig hestesport? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Neste
Neste

Kreativ saum og strikk