Kunst - Foto - Glas- Reise
Her ser du bilete frå tidlegare år
Bileta kjem blant anna frå utstillinga sommaren 2023 som du kan sjå meir av på kunstlinja sin instagram.
Kven passar linja for?
Kunstlinja på Fjordane er for deg som likar å utforske, vil prøve ut eller fordjupe deg i ulike materialar, idear og ditt visuelle biletspråk. På Fjordane får du skape dine eigne kreasjonar med kunstnarisk friheit i tilrettelagde arbeidsrom.
Om du vil bli kunstnar, arbeide i kreative yrke, eller vil investere eit år i deg sjølv: Velkomen til Fjordane!
Har du spørsmål om linja? Bruk kontaktskjemaet eller ring oss på 57 88 98 80.