Bu og fritid

 

Utvikling! Glede! Venskap!

Dette er linja for deg som treng noko tilrettelegging i kvardagen, men som ønskjer å stå på eigne bein i framtida. Her vil du møte andre som har same mål som deg; å få vener for livet, bli sjølvstendig og oppleve fantastisk natur i trygge rammer.

Det å flytte for seg sjølv kan vere utfordrande, men på Fjordane får du utfordre deg innanfor trygge rammer. Hos oss har vi miljøarbeidarar på jobb frå morgon til kveld. Dei er der for å gje deg rettleiing og nødvendig støtte i kvardagen.  

Bli med på kjekke aktivitetar, reiser - både lokale turar, men også lengre turar med fleire overnattingar. Lær deg å lag forskjellig typar mat, også ute i naturen. Vær fysisk aktiv på ein meiningsfull måte. Trening i sosiale settingar, både linjevis med klassa, men også i lag med heile elevflokken på skulen. Sjudagarstur til Spania er nok høgdepunktet for dei fleste, og fokuset her er sjølvsagt å skape gode minner i lag med gode klassevenar.  Du kan lese meir om linjeturen vår her.

 

Allsidig kvardag

I skuletida fordjupar kvar elev seg i sine linjefag. I tillegg til dette har vi fag som vi kallar «ADL-fag».
Dette er fag som handlar om kvardagslege ferdigheiter. Til dømes matlaging, fysisk trening, reinhald og hygiene, turar i skog og fjell og ikkje minst lære seg å ta vare på seg sjølve. Du får både faglege og personlege utfordringar ut i frå eige ståstad. Målet etter enda år på Bu og Fritidslinja er å bli betre rusta til deltaking i samfunnet.

På linja er det 6-8 elevar med lettare psykisk utviklingshemming, eller andre utfordringar med noko nedsett lærevanskar.

Gjennom deltaking på Bu og fritidslinja vil du lære meir om:

- Å samarbeide med andre

- Ta omsyn til andre

- Kommunisere med mange ulike menneske

- Vere ute i naturen, vere fysisk aktiv og ta vare på helsa di

- Halde rommet ryddig, reint og koseleg

- Bruke vaskemaskin og vaske dine eigne kle

- Lage sunn og god mat

- Å styre pengar og eigen økonomi

- Å skrive søknader om jobb, CV og jobbintervju

- At du kan meir enn du trur

- At saman er vi sterke

- At med hardt arbeid og godt humør kan kva som helst skje

Våre forventningar til deg:

- Godt humør

- God samarbeidsvilje

- Ønskje om å lære og oppleve noko nytt

- Ville bidra til eit opent og inkluderandre fellesskap

- Meistrer av- og påkledning

- Ivaretar eiga hygiene som dusj og tannpuss

 

Fagleg fordjuping

I tillegg til aktivitetar i dagleglivet kan du velge eit eller fleire av våre linjefag. Du kan velge mellom hest, kunst, sirkus, viking, musikal eller kanskje du helst vil prøve deg som vaktmeister. Vi er forberedt på å gje deg eit individuelt tilrettelagt opplegg ut i frå dine behov. Ta kontakt med oss, så vil vi legge til rette for deg så godt vi kan.

Faga

Klikk på faget og les meir.

Turar

Glede, nye opplevingar og samhald er noko det vi får kjenne på kroppen når vi er på tur. Vi brukar naturen som klasserom når vi kan. Vi likar å kombinere teori og praksis ute i naturen, noko som gjev deg eit godt læringsutbytte. I løpet av skuleåret er vi på mange lokale turar, i tillegg er vi på fleire overnattingsturar både i og utanfor kommunegrensa. Matlaging, bål, og øving i å sove ute blir derfor ein naturleg del av undervisninga når vi er på tur.

Terapibading på Nordfjord SPA:

I samarbeid med Nordfjord Hotell & SPA brukar vi badehuset ein gong i veka, som ein del av undervisninga vår. I dette faget får du både vere fysisk aktiv, samstundes som du får moglegheit til å kople av i ein elles så hektisk kvardag. Vi får god tid til avspenning i dei ulike badstuene, terapibassenget og boblebadet. Her får de oppleve luksus i kvardagen, som lett kan bli eit av høgdepunkta i veka.

Fysisk aktivitet

I tillegg til turar har vi styrketrening fast på timeplanen. Vi har eit eige treningsrom på skulen, der vi har ulike gruppetimar som tabata, sirkeltrening, spinning, koordinasjonsøvingar og andre effektive styrkeprogram. Fysisk aktivitet er noko vi sett høgt på prioriteringslista i kvardagen på Bu og fritidslinja, grunna alle dei gode fordelane det bringe med seg.

Matlaging

På linja vår lagar vi mat både ute og inne. Vi har tilgang til eige kjøkken på skulen, men vi likar også å lage mat ute i naturen. I dette faget lærer elevane om kosthald, matauk, berekraftig mat, og utanom det vanlege «happeningar» - det er viktig å også kunne kose seg med god mat!

Personleg hygiene

Kvar veke har vi fokus på å bli sjølvstendig, som å ta gode val, kle seg etter føremål og aktivitet, og ikkje minst å ha eit ryddig, reint, og koseleg rom. Ein ting som du kanskje kjem til å merke med det same du flyttar til Fjordane folkehøgskule, er at skittenkleda dine verken luktar godt, eller «vaskar seg sjølv», slik dei kanskje gjer heime. Her må du vaske kleda sjølv. Heldigvis har vi gode miljøarbeidarar som veit akkurat korleis dette skal gjerast, og som er meir enn villige til å lære deg dette. Du trur kanskje mor/far er dei einaste som veit og kan ALT, men det kan våre dyktige miljøterapeutar òg!

Butrening

Eit av hovudmåla med skuleåret er sjølvsagt å bli mest mogleg sjølvstendig. Det å kunne meistre kvardagen og dei utfordringane som følger med den, er noko vi alle ønskjer. Det er viktig for både deg og oss at vi lagar eit individuelt opplegg ut ifrå kva du treng hjelp til. Vi brukar mykje tid på kartlegging, samtalar og rettleiing gjennom året for at du skal utvikle deg i riktig retning. Vi har fokus på å ta gode val, stå opp sjølv, lage gode rutinar, meistre å bu aleine, og ikkje minst invitere vener til eit godt måltid.

Digital opplæring

Verden er blir meir og meir digital, og vi ønskjer derfor å jobbe mykje på digitale plattformar. På den måten får vi auka den digitale kompetansen din, slik at du er trygg på å bruke desse verktøya sjølv. Vi er avhengig av at de har tilgang på mobil, iPad eller data. Vi er også innom tema som nettvett, og går gjennom normer og reglar som er naturleg innan dette temaet.

Søknad og opptak

For å gå på denne linja er eleven avhengig av tilskot gjennom NAV. Det er eleven sjølv som må søke, men skulen hjelper til med dokumentasjonen som trengs.

 Søknads-/opptaksfrist:

Den normale opptaksfristen, som på andre linjer er 1. februar, gjeld ikkje for denne linja. Du kan søke og bli teken opp heile året. Det er ønskeleg frå skulen si side at du er tidleg ute med søknaden din!

Spørsmål om bu og fritidslinja? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kunst - Foto - Glas- Reise

Neste
Neste

Hest - 2. året