Allsidig hestesport

Drøymer du om ein kvardag fylt med hest? Er du klar for å utforske ei verd av moro saman med hesten? Vi kombinerer eit mangfald av disiplinar for å gi deg ein brei og utfordande opplæring som vil utvikle deg som ryttar og kusk. Velkomen til Fjordane!

Du kan ta med din eigen hest, eller du får låne skulehest av oss. Gle deg til ein variert og innhaldsrik kvardag i hestebygda Nordfjordeid saman med mange andre som elskar hest!

Frå hestehald til hestesport

Linja som passer for deg som likar:

  • Å lære saman med hesten

  • Sprang- og dressurridning

  • Køyring

  • Å ri med halsring

  • Mounted Games

  • Turriding

  • Working Equitation

  • Western disiplinar som pleasure, trail, barrel

  • Polocross

  • Feltritt

  • Intervall og tempotrening

 

Fagleg utbytte - eit år på hestelinja

Uansett om du er ein nybyrjar utan erfaring eller ein erfaren ryttar, er vår linje Allsidig hestesport for deg. Vi gjer deg undervisning ut i frå ditt nivå, og målet er uansett startstad at du skal lære meir om allsidig bruk av hesten.

Vi legg vekt på samspelet mellom menneske og hest, med mål om å byggje gjensidig tillit, tryggleik og respekt. 

Gjennom praktiske økter lærer du korleis du håndterer hesten på en trygg og effektiv måte, samt viktige ferdigheter som grunnleggende stell, mønstring, longering og tømmekjøring. Vi utforskar også ulike aspektar ved hestens åtferd og behov, og korleis vi kan møte disse på best mogleg måte.

 

Gjennom året vil du lære:

  • Dressur

  • Sprang og terrenghopping

  • Arbeids- og konkurranse køyring

  • Beslagslære

  • Salmaker - sy ditt eige leietau

  • Hestekunnskap

  • Hestehandtering

  • Ridelære

  • Arbeid med hesten frå bakken

  • Ryttartrening

Fellesskap på hestelinjene

Vi er ofte i lag med dei to andre linjene, Ride- og køyresport og 2.års hestesport, i kvardagen. Både på fritida, men også i noko av undervisninga. Undervisninga inneheld både praktiske og teoretiske fag, kor vi fokuserer på hestehåndtering og hestekunnskap.

  • Programridning og stevner

  • Laushopping

  • Tømkøyring og longering

  • Utstyrslære, korleis påverker ulikt utstyr hestens komfort og ytelse

  • Hestekunnskap, temaer som anatomi, fysiologi, helse og ernæring

  • Ridelære og teknikk- korleis forbetre vår eige ridestil og kommunikasjon med hesten

  • Etikk og forståing av hestehald og hestesport

  • Besøk av veterinær og salmaker

  • Ryttartrening

Nordfjordeid har eit engasjert hestemiljø som gir moglegheiter til å delta på kurs og helgeaktivitetar utover skuletida også.

Vi legg stor vekt på at elevane ved hestelinjene skal få vere med å forme skulekvardagen og skape sitt år. Dermed kan innhaldet på linja variere noko frå år til år.

Linjeturar

Vi har i utgangspunktet to ulike inspirasjonsturar til utlandet, der hest sjølvsagt er hovudingrediensen! Endeleg destinasjon blir avtalt saman med elevane. Tidlegare turar har vore til Danmark, Portugal og Island

Linjetur: Danmark og/eller Portugal

Gle deg til hingstekåringa for Dansk Varmblod i Herning! Dette er ein fem-dagars tur til Danmark, med hest frå morgon til kveld. Under sjølve kåringa får vi sjå hingstar som stiller til kåring, i tillegg til dressur- og sprangklasser på elitenivå. Vi får også vere publikum på eit spektakulært gallashow. I tillegg kan vi besøke “Hest & Rytter”, Nord-Europas største messe med utstyr til hest og ryttar. Messesenteret er knytt til hingstekåringa, og har meir enn 250 utstillarar.

I Portugal bur vi på eit hestesenter utanfor Lisboa, og du får moglegheit til å ri dressur på velutdanna lusitanohestar under rettleiing av dyktige instruktørar. Du får også prøve deg på dressurøvingar på høgt nivå, som passage og piaff. Du kan sjå fram til å få eit innblikk i levemåten og kulturen i Portugal, og å få smake på heimelaga portugisisk mat. Vi skal også oppleve vakre Lisboa, hovudstaden og den største byen i Portugal

Faga

Klikk for å lese meir om eit utval av faga det blir undervist i:

Beslag

Beslag - her får du teoretisk innføring i hovens anatomi og funksjon før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest bør kunne å ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar. Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslagar. Nina som gjekk i lære hos våre hovslagarar under 2. året på Fjordane Folkehøgskule, og no jobbar som hovslagar kan du lese meir om på hennar facebookside.

Veterinærfag

Veterinærfag - er eit fag som gjev deg som ryttar, kusk og hesteeigar grunnleggande kunnskap om vaksiner, ormbehandling, sår- og sjukdomsbehandling, anatomi og mykje meir. Dette er eit fag du ikkje vil gå glipp av.

Ride- og køyreteori

Du får lære all den viktige basisen du treng i ride- og køyreteori. I dette faget går vi gjennom øvingane vi rir/køyrer på timane. Vi prøvar å kombinere teorien samtidig med det som blir undervist i praksis, slik at du får størst mogleg forståing for det vi jobbar med. Du lærer mellom anna om kva som er ein god spranghest, korleis ein bygger sprangbane, alt om hindertypar og anridning, i tillegg til sprangreglement og forskjellege bedømmingar i sprangriding og konkurransar. I dressurdelen har vi ein grundig gjennomgang av sits og hjelparar, kva er riktig form på hesten, og alle øvelsane til og med LA, i tillegg til nokre øvelsar i MB slik som versade og travèr. Dressurreglement og dressurprogram er også noko vi jobbar med i desse timane.

Salmakar

Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.

Dressurriding

Dressurriding – vi underviser etter dei klassiske rideprinsippa og har mykje fokus på korleis vi som ryttarar kan virke inn på hesten på ein rettferdig og god måte. Korrekt samspel med hesten er viktig for å oppnå framgang av ekvipasjen (rytter og hest). Du vil få ein gjennomgang av alle øvelsane frå LC til og med LA. Undervisninga følger utviklinga di, slik at du heile tida får utfordringar som passar for deg. Alle får tilpassa undervisning etter det nivået dei er på.

Sprangriding

Sprangriding - jobbar vi mykje med å få ein riktig sits både over og mellom hinder. Dette er viktig for å kunne påverke hesten til å hoppe på ønska hinderhøgde. Gjennom gymnastikkhopping og forskjellege sprangøvingar slik som å trene på å finne riktig avsprangspunkt, utviklar vi samspelet mellom hest og rytter. Banehopping kjem som ein naturlig del av undervisninga etter kvart som rytter og hest utviklar seg. Om du har hoppa mykje eller lite frå før, eller har ein urutinert hest tilpassar vi undervisninga etter det. Kvar vår har vi feltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.

Køyring

Køyring - får du ein gjennomgang av utstyret ein treng, og korleis du bruker utstyret. Du lærer korleis du tømmekøyrer hesten din, og kan trene hesten frå bakken. Du får ei grundig innføring i dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Vi bruker skulehestane i køyretimane, og køyrer både på utebana og inne i ridehallen på 20mx60m bane. Ønsker du å bruke din eige hest kan du det etter avtale med læraren. Førebuing og deltaking i køyrekonkurransar står også på timeplanen.

Hestekunnskap

Hestekunnskap - lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fôr eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.

Hestehald/hestehandtering

I desse faga er vi innom mange ulike emner som vil gjere deg meir komplett og kompetent som hesteperson. Leietrening, hingstehandtering, mønstring, longering, tømmelongering, lasting og transport av hest, tannsjekk, helsesjekk, pulstrening, sjukdomar, stell, hesten sine fysiologiske behov, avl, fôring, unghesthandtering og mykje meir.

Valfag og fellesfag

Kunne du tenke deg å lære litt meir om vikingliv, eller du har lyst å lære deg sirkuskunstar? Kanskje du likar fjellturar eller klatring, eller kanskje du helst vil ha ei roleg stund med yoga eller strikking? På Fjordane kan alle linjefaga også veljast som valfag! I tillegg har vi eit stort utval av andre valfag. Valfaga dine veljer du når skulen har starta om hausten, og kva fag skulen tilbyr kvart år, kjem an på interessa til elevane og samansetninga av lærarar. Du kan velje frå to til så mange valfag du vil i løpet av eit semester.
Les meir om valfaga på Fjordane.

Valfaga får du vere med på i tillegg til linje- og fellesfagtimar kvar veke.

Fellesfag er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. I løpet av skuleåret dreg vi på ulike turar, og vi har for eksempel elev-/temakveldar som Halloween og Kokkekamp.
Les meir om fellesfaga på Fjordane.

Elevhistorier

Les meir om kva tidlegare elevar seier om det å vere elev ved hestelinjene på Fjordane folkehøgskule:

Spørsmål om Allsidig hestesport? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Forrige
Forrige

Vikingliv

Neste
Neste

Kunst - Foto - Glas- Reise