Musikal West End

 
 
 

Velkomen til eit år som gjer draumar til verkelegheit!

Dette er ei linja for deg som elskar å stå på scena! Kanskje du ser ei framtid med vidare utdanning innan utøvande scenekunst? Det er også linja for deg som aldri har framført noko på ei scene, men som har veldig lyst å prøve! Musikal West End gir deg ei innføring i heile scenekunst-registeret og du får fordjupe deg i både song/vokal, dans og drama.  

 
 

Mykje av det du likar best

I løpet av eit år på Musikal West End får du undervisning i mange spennande linjefag:

Songteknikk

Du lærer å synge på ein trygg måte. Vi går gjennom byggesteinane for song: pust, produksjon, filter/artikulatorar, med meir. I byrjinga vil vi jobbe i fellesskap, med moglegheit for individuelle songtimar etter dei første vekene.

Danseteknikk

Vi jobbar teknisk med ulike dansestilar som ballett, jazz og Musical Theatre (MT).

Fysisk teater og ensemble

Du lærer du å fortelje historier med kroppen på ein ny måte. Vi jobbar med ensembleøvingar (gruppe) og lærer om korleis vi kan jobbe saman som ei samanhengande gruppe.

 

Stemmebruk for scene

Vi jobbar med snakke-stemma vår. Vi brukar mykje tid på pusteteknikkar og avspenning slik at vi kan få ei klar, uanstrengt stemme som held ut på scena og når ut til publikum.

Ensemble-song

Vi lærer å synge saman. Vi jobbar med harmoniar, dynamikk og stilartar, og bygger opp materiale som kan framførast. Acting Through Song Vi jobbar med å formidle ei forteljing gjennom song. Vi kombinerer skodespelarteknikkar med songteknikkar, og lagar ei heilskapleg oppleving for publikum. Dette vil som oftast føregå i form av masterklasser, der du får øve deg i å framføre framfor klassa di.

Tekst og skodespelarteknikk

Du lærer skodespelarteknikkar og måtar å jobbe med tekst på. Vi går gjennom dei klassiske teknikkane som mellom anna Stanislavski, Meisner og Chekov. Seinare i året vil vi også jobbe mykje med korleis vi skal tilnærme oss monologar/duologar og jobbe med auditionmateriale for deg som ønsker å søke deg vidare på utdanning innan scenekunst.

 

Linjetur til London og Brighton

Opplev magiske West End! Vi besøker berømte teater- og musikalscener og får sjå stjernene på nært hald. London er ein fantastisk storby med alt du kan ønske deg av kultur, historie, shopping og opplevingar.

I Brighton besøker vi campus på Institute for Contemporary Theatre (ICT), og vi får ta del i korleis det er å studere på ein skule retta mot musikal- og scenekunstindustrien. Vi tilbringer ein heil dag på ICT og får ulike workshops i mellom anna song og stemmeteknikk, og drama/monolog. På ICT er innhald og undervisning utvikla og undervist av profesjonelle frå West End, Broadway, Disney, og fjernsyn- og filmindustrien i England.
Les meir om turen her.


 

Valfag

Kunne du tenke deg å lære litt meir om vikingliv, eller du har lyst å ri på hest? Kanskje du likar fjellturar eller klatring, eller kanskje du helst vil ha ei roleg stund med yoga eller strikking? På Fjordane kan alle linjefaga også veljast som valfag! I tillegg har vi eit stort utval av andre valfag. Valfaga dine veljer du når skulen har starta om hausten, og kva fag skulen tilbyr kvart år, kjem an på interessa til elevane og samansetninga av lærarar. Du kan velje frå to til så mange valfag du vil i løpet av eit semester.
Les meir om valfaga på Fjordane.

Jeg kommer aldri til å glemme de nye vennene mine – mange av dem kommer jeg til å ha for resten av livet! Naturen er også uforglemmelig, og det samme er lærerne. Jeg har fått inspirasjon til å søke meg videre til en bachelor i musikkteater!
— Amanda, elev på musikallinja 2020-2021 og stipendiat på musikallinja 2021-2022

Fellesturar for heile skulen

Fellesturane er ein viktig del av Fellesfaga på skulen, og er ein viktig arena for å møtast på tvers av linjene. På desse turane dreg alle elevane saman til reisemål i regionen vår:


Framsidebile (c)Ben.jpg

Å bli kjend med seg sjølv og andre

Å gå på folkehøgskule betyr for mange å få nye vener, oppleve nye ting og kanskje lære noko heilt nytt. På Musikal West End handlar det også mykje om å bli kjend med seg sjølv og kven ein er, samt finne ut korleis ein fungerer saman med andre i kreative prosessar. Vi samarbeider også med andre linjer på skulen når vi lagar oppsetjingar og framføringar, eller når vi skal lage portefolio som du kan bruke i mellom anna søknader til vidare studiar.

Kulturbygda Nordfjordeid

På Nordfjordeid har vi eit operahus, ein rockefestival, ei klubbscene som er omgjort frå ein gymsal, kor, korps og mange flinke og engasjerte innbyggarar som driv med kultur på eitt eller anna vis!

Ein av berebjelkane i kulturlivet på Nordfjordeid er Operahuset Nordfjord, med sine flotte fasilitetar. Her får vi servert store og små konsertar, vi kan gå på kino og besøke biblioteket. Kvar haust kan du oppleve ei fullskala operaoppsetting i regi av Opera Nordfjord og Operahuset. I tillegg får born/ungdom frå heile Nordfjord vere med på skulemusikalar og profesjonelle musikalar, samt at kulturskulen brukar operasceena og foajeen til konsertar og utstillingar. Elevar på Fjordane vil dra nytte av den lokale kompetansen, i kombinasjon med engasjerte lærarar med utøvande erfaring nasjonalt og internasjonalt innan sine fagfelt.

Malakoff er ein av dei største festivalane i Noreg og resten av året er Gymmen Scene og Studio Malakoff si klubbscene og kulturhus.

 

Internasjonalt samarbeid

Fjordane Folkehøgskule samarbeider med Institute for Contemporary Theatre i Brighton . Dette samarbeidet gir unik tilgang til West End og scenekunstindustrien i England.

 

Spørsmål om Musikal West End? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Forrige
Forrige

Friluftsliv All-inclusive!

Neste
Neste

Movement X - Modern Circus