Europa - Bu og fritid
På tur til Europa i trygge rammer
Utenlandsturen til Bu og Fritidslinja er lagt til vårsemesteret. Vi har reist til ulike stader i Europa. København, Bremen, Amsterdam, Malaga, Granada, Sevilla og Gran Canaria. Dette er en tilrettelagt tur, vi har møtt eit rikt kulturliv, i storby og på landsbygd. Turen er inkludert i linjekostnadane.
Kjekke opplevingar saman
På nært hold har vi fått oppleve fantastiske strender, yrende folkeliv og livlig atmosfære. Vi har fått sett gamle landsbyer, store opplevingsparkar samt prøve ulike mattradisjonar frå ulike kulturar.
Nokre av tinga vi har opplevd er tivoli, blomsterpark, dyreparkar, museer, strandliv, shopping, badeland, fantastisk mat, sommarvarme, sykkelturar, strandliv og bading.
Då vi har vore på tur i «syden» har det sjølvsagt vore tid til strandliv. Byane og stadane vi besøker varierar frå år til år. Årets reisemål blir bestemt i samarbeid med årets klasse.
STERKARE BEMANNING
Bemanninga på desse turane er sterkare enn på dei andre turane. Det er ekstra viktig å kjenne seg trygg på tur. Vi hjelper til med det som trengs og det varierer sjølvsagt mykje frå elev til elev.
Fast base
Vi bur på hotell, hus eller leiligheter kor vi har ein fast base som kan kjennes trygt for alle.
Bli trygg i eit nytt land
Vi vil også fokusere på korleis det er lurt å bruke pengane på tur. Det er eit fint høve til å bestille og prøve nye matrettar i eit nytt land. Å ta seg fram i eit framand land kan også vera spennande, vi trenar på å finne veien til restauranten, viktige stader i byen vi er i og hotellet vi bur på.